tysdag 4. november 2008

GLLS dag 2

Dagens keynote-speacher var psykolog Lawrence Kutner, som snakka om vold i videospel og populærkulturelle medium generelt, mykje relatert til boka hans "Grand Theft Childhood" reknar eg med. For dei som har vore ute i mediepanikken sine vinternetter nokon gonger var det ikkje så mykje direkte ny kunnskap eigentleg, men det var likevel eit svært stringent og overbevisande innlegg han holdt. Og ikkje minst var det befriande å høyre ein psykolog ikkje bruke krisepsykiatri som metode innanfor medievoldstematikken...:-) Men kva sa han?
-Han starta med å sjå på feltet i ein historisk kontekst, og då blir ein jo ofte slått av kor lite ting eigentleg har utvikla seg. Reint mentalt lever vi framleis i 1948, eller på Sokrates si tid. Alt frå lødig litteratur retta mot nytingssjuke kvinner, gangsterfilmar på 30-talet, teikneseriane på 50-talet (Wertheim sine herostratisk berømte angrep) til videospel i 2006 (Bill O`Reilly) har fått skulda for å gjere ungdom og barn til voldsutøvarar og seksuelle avvikarar. Men nye "concerns" dukkar opp (sorry for engelsk innimellom): realismen i volden, seksuelle framstillingar, satire (radiosendingane i GTA) er det som vekkjer sterkast reaksjonar i dag. Reaksjonar som ein altså alltid vil ha nytte av å sjå i ein historisk kontekst. Intet er nytt under solen...
Kutner baserer resultata sine på djubdeintervju med unge som spelar. På spørsmål om kva som er viktig og kvifor dei spelar, var det komplekse svar, men 62 % brukte videospel til rekreasjon og avslapning, 25 % for å avreagere/gløyme problem etc. Ikkje ulikt grunnane til at ein går på fotballkamp...
68 % av gutane spelte M-rata spel regelmessig (M=Mature). Kvifor? På grunn av at dei gav dei beste vilkåra for konkurranse, samt å avreagere.
Kutner peikte likevel på at alt er ikkje som Edens hage før synda og slangen fekk komme inn. Han sa: "There MAY be a marker for risk among girls" for antisosial oppførsel som følgje av overdriven speling. MEN, ein veit ikkje sikkert. "Girls who played daily were more likely to bully and fight". Dette gjaldt alle typar spel, ikkje berre voldsspel, men også SIMS, så mest sannsynleg er andre faktorar enn speling viktige.
Dessutan: Det som tiltrekkjer ved voldelege spel er ikkje volden i seg sjølv, men at desse spela har komplekse plot og karakterar.
Og unge som spelar til dømes GTA er faktisk svært opptekne av at ikkje mindreårige, som dei sjølv, skal spele det. Så at det gjer ein avstumpa i tankegangen? Neppe...
Stor applaus til Kutner. Vi treng fleire som han!

2 kommentarer:

Mari sa...

Så det er her du er! :-)

Keepurlife sa...

Hello there. . .
Nice post, please visit me back. . OK!!!