tysdag 4. november 2008

GLLS dag 2

Dagens keynote-speacher var psykolog Lawrence Kutner, som snakka om vold i videospel og populærkulturelle medium generelt, mykje relatert til boka hans "Grand Theft Childhood" reknar eg med. For dei som har vore ute i mediepanikken sine vinternetter nokon gonger var det ikkje så mykje direkte ny kunnskap eigentleg, men det var likevel eit svært stringent og overbevisande innlegg han holdt. Og ikkje minst var det befriande å høyre ein psykolog ikkje bruke krisepsykiatri som metode innanfor medievoldstematikken...:-) Men kva sa han?
-Han starta med å sjå på feltet i ein historisk kontekst, og då blir ein jo ofte slått av kor lite ting eigentleg har utvikla seg. Reint mentalt lever vi framleis i 1948, eller på Sokrates si tid. Alt frå lødig litteratur retta mot nytingssjuke kvinner, gangsterfilmar på 30-talet, teikneseriane på 50-talet (Wertheim sine herostratisk berømte angrep) til videospel i 2006 (Bill O`Reilly) har fått skulda for å gjere ungdom og barn til voldsutøvarar og seksuelle avvikarar. Men nye "concerns" dukkar opp (sorry for engelsk innimellom): realismen i volden, seksuelle framstillingar, satire (radiosendingane i GTA) er det som vekkjer sterkast reaksjonar i dag. Reaksjonar som ein altså alltid vil ha nytte av å sjå i ein historisk kontekst. Intet er nytt under solen...
Kutner baserer resultata sine på djubdeintervju med unge som spelar. På spørsmål om kva som er viktig og kvifor dei spelar, var det komplekse svar, men 62 % brukte videospel til rekreasjon og avslapning, 25 % for å avreagere/gløyme problem etc. Ikkje ulikt grunnane til at ein går på fotballkamp...
68 % av gutane spelte M-rata spel regelmessig (M=Mature). Kvifor? På grunn av at dei gav dei beste vilkåra for konkurranse, samt å avreagere.
Kutner peikte likevel på at alt er ikkje som Edens hage før synda og slangen fekk komme inn. Han sa: "There MAY be a marker for risk among girls" for antisosial oppførsel som følgje av overdriven speling. MEN, ein veit ikkje sikkert. "Girls who played daily were more likely to bully and fight". Dette gjaldt alle typar spel, ikkje berre voldsspel, men også SIMS, så mest sannsynleg er andre faktorar enn speling viktige.
Dessutan: Det som tiltrekkjer ved voldelege spel er ikkje volden i seg sjølv, men at desse spela har komplekse plot og karakterar.
Og unge som spelar til dømes GTA er faktisk svært opptekne av at ikkje mindreårige, som dei sjølv, skal spele det. Så at det gjer ein avstumpa i tankegangen? Neppe...
Stor applaus til Kutner. Vi treng fleire som han!

torsdag 28. februar 2008

Fleire flickrbilder - Cormac McCarthy in the redness in West


Er på kurs i dag, og laster opp fleire bilete frå Flickr. Ein av mine favorittforfattarar er Cormac McCarthy, som er mykje i vinden om dagen på grunn av Cohen-brørne si filmatisering av No Country For Old Men. Eg fann dette fotoet når eg søkte på Cormac McCarthy, og det spelar på tittelen til eitt av hans sterkaste verk: "Blood Meridian or the Evening Redness in the West".

onsdag 27. februar 2008

Wiki trill rundt

Fekk ikkje heilt til wikipubliseringa. Bokomtalen min havna i eitt eller anna rart noko som heitte Quick Start, og der vart den verande. Prøvde å kopiere den direkte over i den "eigentlege" wikien, men det ville den ikkje.
Filmen gjekk betre. Fekk lagt inn omtale med bilete, utan at eg redigerte biletet i wikien.
Å opprette ei heilt ny side gjekk ikkje, utan at eg heilt forstod kvifor. Prøver igjen seinare, for dette vart publisering etter stange hovudet i veggen-metoden.

Ei fin bru i Flickr

Viss du befinner deg i Memphis, og skal reise frå Tennessee og over til Arkansas, så køyrer du over denne flotte brua. Den er forma som ein M, og blir på folkemunne kalla for "The Dolly Parton Bridge"...fordi den på avstand liknar på puppestellet hennar (eg er såpass bluferdig anlagt at eg ikkje vil støte nokon, så eg har lagt eit nærbilete her i bloggen...)
Flikr har eg vore på tidlegare, men eg har ikkje lasta ned bilete derifrå. Etter litt krølltang og hosting og harkeslarking i Bloggers Photo Upload Tool fekk eg det til til slutt. Tenkte først eg skulle registerer meg, men då var det ei ny e-postadresse eg måtte laga, med nye passord, og det finst grenser i eit liv...

onsdag 20. februar 2008

Google Talk

Har prøvd Google Talk no, og det var lettare enn eg trudde å komme i gang med det. Var, som vanleg nær sagt, litt forvirrande i starten rundt korleis eg i det heile starta vinduet, men klikkar ein rundt litt så ser ein jo. No er det berre å få lagt inn kontaktar nok på lista til at eg faktisk bruker verktøyet...:-)

fredag 8. februar 2008

RSS-mat

Har sett opp ein RSS-lesar på g-mailkontoen min. Valgte GoogleReader fordi eg då kan ha den på same plassen som bloggen, utan å måtte logge meg inn på nye plasser med dertilhøyrande passord. Har også teikna abonnement på nokon sider, men ikkje alltid like lett å få dei inn på GoogleReader...nokon la seg som feeder ved sidan av "Favoritter" på internettmenyen, men det var noko der meg høgreklikking av sjølve nettadressa. No er gjenstår det å finne ut korleis eg skal kultur- og kunnskapsorganisere feedsa...:-)

torsdag 31. januar 2008

Læring etter lunch

Ein av idèane bak dette kurset er at ein lærer så lenge ein lever. At det er muleg å tileigne seg ny kunnskap også etter at ein har passert 40...
Yes! Til no, kl. 13.04.32, har eg til sist greidd å laste ned eit bilete på profilen min (frå Brann - VålerengEn Idrætsforening 4-1 i fjor vår på eit regnlett Brann Stadion) Skal innrømme at eg sleit litt med den...viste seg at eg ikkje hadde valgt filformat når eg skulle laste det ned. Så, då veit eg det.
Har og lagt til nokon linkar til ein favorittnettstad: Ønskebok, verdas beste nettbaserte litteraturformidling. Den ser ikkje så fancy ut, men du finner garantert bøker du ikkje visste at du likte der.