torsdag 28. februar 2008

Fleire flickrbilder - Cormac McCarthy in the redness in West


Er på kurs i dag, og laster opp fleire bilete frå Flickr. Ein av mine favorittforfattarar er Cormac McCarthy, som er mykje i vinden om dagen på grunn av Cohen-brørne si filmatisering av No Country For Old Men. Eg fann dette fotoet når eg søkte på Cormac McCarthy, og det spelar på tittelen til eitt av hans sterkaste verk: "Blood Meridian or the Evening Redness in the West".

onsdag 27. februar 2008

Wiki trill rundt

Fekk ikkje heilt til wikipubliseringa. Bokomtalen min havna i eitt eller anna rart noko som heitte Quick Start, og der vart den verande. Prøvde å kopiere den direkte over i den "eigentlege" wikien, men det ville den ikkje.
Filmen gjekk betre. Fekk lagt inn omtale med bilete, utan at eg redigerte biletet i wikien.
Å opprette ei heilt ny side gjekk ikkje, utan at eg heilt forstod kvifor. Prøver igjen seinare, for dette vart publisering etter stange hovudet i veggen-metoden.

Ei fin bru i Flickr

Viss du befinner deg i Memphis, og skal reise frå Tennessee og over til Arkansas, så køyrer du over denne flotte brua. Den er forma som ein M, og blir på folkemunne kalla for "The Dolly Parton Bridge"...fordi den på avstand liknar på puppestellet hennar (eg er såpass bluferdig anlagt at eg ikkje vil støte nokon, så eg har lagt eit nærbilete her i bloggen...)
Flikr har eg vore på tidlegare, men eg har ikkje lasta ned bilete derifrå. Etter litt krølltang og hosting og harkeslarking i Bloggers Photo Upload Tool fekk eg det til til slutt. Tenkte først eg skulle registerer meg, men då var det ei ny e-postadresse eg måtte laga, med nye passord, og det finst grenser i eit liv...

onsdag 20. februar 2008

Google Talk

Har prøvd Google Talk no, og det var lettare enn eg trudde å komme i gang med det. Var, som vanleg nær sagt, litt forvirrande i starten rundt korleis eg i det heile starta vinduet, men klikkar ein rundt litt så ser ein jo. No er det berre å få lagt inn kontaktar nok på lista til at eg faktisk bruker verktøyet...:-)

fredag 8. februar 2008

RSS-mat

Har sett opp ein RSS-lesar på g-mailkontoen min. Valgte GoogleReader fordi eg då kan ha den på same plassen som bloggen, utan å måtte logge meg inn på nye plasser med dertilhøyrande passord. Har også teikna abonnement på nokon sider, men ikkje alltid like lett å få dei inn på GoogleReader...nokon la seg som feeder ved sidan av "Favoritter" på internettmenyen, men det var noko der meg høgreklikking av sjølve nettadressa. No er gjenstår det å finne ut korleis eg skal kultur- og kunnskapsorganisere feedsa...:-)