Ein av idèane bak dette kurset er at ein lærer så lenge ein lever. At det er muleg å tileigne seg ny kunnskap også etter at ein har passert 40...
Yes! Til no, kl. 13.04.32, har eg til sist greidd å laste ned eit bilete på profilen min (frå Brann - VålerengEn Idrætsforening 4-1 i fjor vår på eit regnlett Brann Stadion) Skal innrømme at eg sleit litt med den...viste seg at eg ikkje hadde valgt filformat når eg skulle laste det ned. Så, då veit eg det.
Har og lagt til nokon linkar til ein favorittnettstad: Ønskebok, verdas beste nettbaserte litteraturformidling. Den ser ikkje så fancy ut, men du finner garantert bøker du ikkje visste at du likte der.
torsdag 31. januar 2008
23 ting
Bloggen er i starten ein del av eit kursopplegg ved min kjære arbeidsstad, Buskerud fylkesbibliotek, som heiter "23 ting om web 2.0". Så mange av dei første innlegga vil nok bære preg av det. Eitterkvart vil den også handle om andre ting, som til dømes Brann, Elvis og lanseringa av den nye romanen min "Den Raude Veggen", som kjem ut på Damm seriestarthelga.
Abonner på:
Innlegg (Atom)